I dag har eg vore på laaang bytur med mine tre små for å få sikra oss godt utstyr til Halloween! Egentlig så feirar ikkje vi Halloween, eg har alltid vore ei forferdelig mamma den datoen.. syns iallefall TJ og Andrea! I år vert det ikkje slik! På skulen har dei vore igang med ulike Halloweenaktivitetar lenge og no er kostyma i hus. Faktisk so kjem vi til å feire skikkelig, med gresskarlykter og skumle effektar utanfor huset! Skal det vere - så skal det vere! Eg skal legge inn bilder seinare..
Sindre har vore i Singapore denne veka, kjem heim i morgon kveld. Det skal bli kjekt! I helga skal vi berre slappe av og ta livet med ro.. Det skal bli godt!