Viser innlegg med etiketten foto. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten foto. Vis alle innlegg

fredag 25. mars 2011



I dag har snøen lagt seg over marka igjen. Ikkje det vi ønska oss på fridagen vår. 
No lengtar vi etter å kunne legge vekk vinterkle og ta fram småskoa igjen. 

Nokon som hugsar korleis det var når ein var liten og fekk på nye joggesko, asfalten var tørr og ein hadde kjensla av å vere så lett at ein kunne flyge? 

Bilda er frå søndag som var. 

søndag 6. mars 2011

BIG changes..




Då har nesten heile familien flytta heim til Ulsteinvik igjen. Vi ventar berre på pappaen vår som skal gjere seg ferdig med kontraktstida si i Shanghai. Om fire veker er vi alle samla igjen og det gler vi oss til!

Misjonen for bloggen er då egentleg over. Reisa er slutt. Slik var det eg tenkte det då eg oppretta bloggen då vi flytta til Shanghai for tre år sidan. Men er reisa over? Nei, eg vel å tenke på oss som ein gjeng på stadig reise. Det passar meg betre, tatertausa.

Bilda over er frå Milano i midten av februar. ;-)