Då har nesten heile familien flytta heim til Ulsteinvik igjen. Vi ventar berre på pappaen vår som skal gjere seg ferdig med kontraktstida si i Shanghai. Om fire veker er vi alle samla igjen og det gler vi oss til!
Misjonen for bloggen er då egentleg over. Reisa er slutt. Slik var det eg tenkte det då eg oppretta bloggen då vi flytta til Shanghai for tre år sidan. Men er reisa over? Nei, eg vel å tenke på oss som ein gjeng på stadig reise. Det passar meg betre, tatertausa.
Bilda over er frå Milano i midten av februar. ;-)