No skal eg kose meg med innpakking av gåver og litt julemusikk!
tirsdag 25. november 2008
no går det trott..
Lenge sida sist innlegg..! No går vi berre å trippa og venta på besøk om ei vekes tid - det vert kjekt! Ellers har eg i dag hatt eit skikkeleg julegaveraid, godt å få det gjort! På lørdag skal vi på julebord. Det er det norske julebordet i Shanghai. Eg er så heldig at eg har vore med i arrangørkommiteen og ser no fram til at dagen er der (og at alt skal vere klart!). Det vert kjekt!
søndag 16. november 2008
Så fint!

Masse fint ein kan finne på nettet! Dette teppet syns eg var knalltøft! Fant det på nettbutikken Mollys heaven! Kjempeflotte fargar!
onsdag 12. november 2008
Kjensla av haust..
Puh! For nokre daga det har vore i det siste! Tempoet er høgt og det er mykje som skjer.. I går fekk vi endelig bestillt billettane til ferien i januar. Det var godt å få det gjort! Ikkje alltid like lett å bestille på nettet her borte! No har eg begynt å gle meg til ei veke i Malaysia på seglbåt - det kan ikkje verte betre! Sindre reiste til Bejing i går og skal reise vidare til Vesterås i Sverige i dag. Han vert vekke til laurdag. I dag kom Tore J. og Andrea tidleg heim frå skulen, vi skal ein tur å handle litt og eg ser ikkje vekk frå at middagen i dag vert på Mc Donalds.. uff!

No er det verkeleg haust ute. Sola skin, men det er godt å ha på ein tjukk og god gensar. Eg har fått litt dilla på strikking og er nett ferdig med eit lestepar til Andrea. Koselig å sitte å strikke om kvelden med levande lys på bordet!!
torsdag 6. november 2008
Eames Plastic Rocking Chair
søndag 2. november 2008
November..!
Tenk at vi er komt til november allereie! Syns tida flyg, det er ikkje lenge att til jul no. Først skal vi ha besøk av mamma, Torill og Frida. Det er ein mnd. til dei kjem og det gler vi oss til! Skal tru kva vi skal finne på då? Reknar med det blir litt sightseeing og shopping og MASSE kosing! Gler oss!

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag - igjen! Det er andre søndagen Tore Johan har vore sjuk no, denne gongen var det omgangsjuka.. Stakkars liten! Håper berre at vi andre slepp unna, Sindre reiser til Tokyo på tirsdag og då er det greit at alle er friske og raske! Søndagssyslene i dag har foregått på kjøkkenet. Sjølv om eg ikkje er så begeistra for gassovnen vi har her gav eg meg i kast med både kanelsnurrar og eplekake. Det gjekk faktisk bedre enn sist eg laga bollar, men som heime vert det ikkje!
Det er berre å komme innom for kake og kaffe!
..meir halloween..
Abonner på:
Innlegg (Atom)

