mandag 12. januar 2009

Fuzhou Road

I dag har eg og Hege vore i Fuzhou Road på jakt etter gode bøker! I denne gata finn ein mange bokhandlarar, både store og små. Vi er ikkje så gode i kinesisk så vi fann nokre godbitar på Foreign Languages Bookstore. 



Dette bildet er frå ein av dei litt meir "kinesiske" bokhandlane.


...and off-course  there were a Starbucks!



Doubble latte, cheese & bacon sandwich! :) 

Bortsett frå den vanlige ovetinga og kaffidrikkinga fann eg meg desse bøkene: 
- Helen Tse, Sweet Mandarin
- Dai Sijie, Balzac and the little chinese seamstress
- Haruki Murakami, After the quake
- Haruki Murakami, South of the border, west of the sun
- Insight guides - CHINA 

torsdag 8. januar 2009

Au Au!



Olav har lært seg å reise seg opp.. ..resulterte i skikkeleg blåaue! Au au!

mandag 5. januar 2009

Nytt år - nye opplevingar!


Det er kjempelenge sidan eg har fått tid til å legge inn noko her på bloggen! Sidan sist har vi vore på julebord, hatt besøk av Torill, Frida og mamma, vi har vore heime i norge på ein kjekk juleferie og ei fin nyttårsfeiring.

No er vi "back in town" og det er godt. Var veldig spent på korleis det ville vere å reise tilbake hit etter å ha vore heime. Rekna med at det ville verte litt trist, men det har det ikkje vore! Tore Johan og Andrea syntest det var spennades å komme heim til julegavene frå oss som måtte ligge igjen her til over jul. ...det var kjekt å ha noko å gle seg til på flyet. "Skal tru kva vi får? Sei det, sei det!"...sikkert nye handdukar svara eg.. "hahahaa kjempefestlig!" 

I dag har vi vore på ilag med ein gjeng på lunsj. Olav fekk vafler og syns det var kjekt med litt liv og røre. Det har vore vanskelegast for han å snu døgnet. I natt ville
han berre ikkje sove meir, men etter litt synging og byssing gjekk det til slutt. 


Her er ei mormor som kan multitaske! Både Olav og Frida får flaske på ein gong! 


Frida og Olav på sightseeing i Yu An Garden


Mamma. Torill og Frida på toppen av World Financial Center


Tore Johan, Andrea og Dina pyntar juletre på hytta.

Sindre fekk nye skibriller av meg til jul..! Cool!


Sindre og Monica på nyttårsaftan.

No gjenstår det berre ¨sjå om alle dei nye forsetta vi har sett oss for det nye året held seg opp. Eg har planar som alltid; 

- Lære kinesisk! 
- Trene meir (Dette tenkjer eg kvart år!) 
- Bruke tid ilag med familien
- Lære meir om fotografering
- Vere flink med bloggen min!