lørdag 28. februar 2009

Go SCIS!




I dag har vi vore ein tur på Shanghai American School for å sjå på svømmekonkurranse. Grunnen til at vi tok turen var for å sjå om det kunne vere noko for Tore Johan å verte med på svømmelaget til SCIS. Tore Johan syntest det var kjempekjekt og vi satsar på at han kjem igang snart!

Det var ekstra kjekt sidan naboen vår var med på konkurransa og vart nummer ein! Go SCIS!! Gøy!

torsdag 26. februar 2009



I morgon skal eg på fotokurs! Det gler eg mej til MASSE! Skal ha med tre bilder som eg skal presentere, til no har eg 8! Var ganske vanskeleg å velge.. Meir om fotografering kjem..!

søndag 22. februar 2009

Olav 1 år!!


Hipp Hipp Hurra!
..vesle kjekke guten vår..







Soo glade for all oppmerksomheta han he fått!! 

torsdag 12. februar 2009

Ein fin dag..





I dag har vi hatt ein fin dag saman eg og Olav.  Temperaturen har vore heilt fantastisk god dei siste tre dagane, over 20 grader. I dag tidleg trilla vi lang tur før vi gjekk heim og laga til lunsj for ein gjeng med damer. Olav var grei gut og sov slik at mamma fekk kose seg med kaffe og prating! I ettermiddag var Olav masse ute, han fekk sitte i sandkassa for første gong og var på sykkeltur - Kjekt! 



Tore Johan og Andrea er i full gang med førebuingar til Valentines day.  Dei lagar kort til klassa, til og med til mamma! Koseleg!  

Når eg tenkjer etter har vi vel stort sett fine dagar her vi går/kryp saman. 



Her er kortet eg laga til Sindre.. :D

mandag 9. februar 2009

Langkawi, Malaysia

I Chinese Newyear ferien reiste vi til Langkawi, Malaysia. Saman med ein nabofamilie leigde vi oss ein seglebåt, Gibsea 43, som vi reiste rundt heile øya med. Det var ei kjempeflott veke! I Malaysia er det grønt og fint og der er eit yrande dyreliv. Vi fekk sett delfinar, masse ørn og om morgonen var det apekattar som sprang rundt på stranda. kjekt å sjå dyra i sitt naturlege miljø! 
 


Andrea stikk hodet opp luka ein tidleg morgon..


Tuva og Andrea badar og kosar seg!


Olav


Puteri Dayang Sari


Tore Johan på toppen av fjellet! Nydeleg utsikt!!


Vi slapp å gå.. der var kabelbane opp og det var ein veldig spennandes tur!


Olav og pappa!


No har mamma mia feberen nådd Langkawi. Det sytte desse tre sjarmtrolla for!



Ein herleg tur med masse opplevingar og kjekt selskap! 
Takk for turen      Hege & Knut
Tuva & Even

søndag 8. februar 2009

Hello Kitty!



Har vore på jakt etter kaffitraktar ei stund, vert litt lei av pulverkaffe i lengda.. Enda har eg ikkje funne noko som møter dei krava eg har sett meg til traktaren. Men mykje artig er det å sjå, need I say more?? Hello Kitty!

Kommunisme/Proteksjonisme

Endeleg får eg logga meg inn på bloggen min igjen! Det verkar som om at enkelte sider vert blokkert i perioder.. ..ikkje bra! Nokon sit og kontrollerar informasjonsstraumen mellom aust og vest. Eg veit at enkelte nettaviser vert stengd dersom dei skriv noko upassande om Kina, innsettingstala til Obama vart sensurert og ellers er det tydeleg nasjonalisme og lite kritiske artiklar ein finn i avisene.. 

Nok om det, no er eg klar for å legge ut litt om ferie og anna som eg har hatt på hjertet ei stund!