søndag 31. oktober 2010

Besøk av bestemor, tante og Julie!

Siste vekene har vi hatt besøk av bestemor, tante Monica og Julie. Det har vore kjempekjekt, vi har opplevd mykje artig desse vekene! Kjekt at dei hadde anledning til å ta turen for å sjå korleis vi har det her. Trur at dei har fått sett mykje av Shanghai, og litt til. No pustar vi ut og ser fram til siste seks vekene i her. I dag starta eg så smått med å rydde i skap og skuffer, det er ikkje alt vi skal ha med heim.. Ikkje så lenge til flyttebyrået kjem for å sjå kva som skal vere med - tida flyg!


Vi feira Sissel sin 65 års dag på toppen av SAS hotellet. God mat og drikke - ikkje minst ei fantastisk utsikt over byen.



Fantastsik ostekake! :D


Tore Johan, Andrea og Julie hadde det veldig kjekt ilag! Vatn er fascinerandes i alle aldrar..





søndag 17. oktober 2010

Ønsketid..



Med tanke på at vi skal flytte heim til norge rett før jul, prøver eg å få unna julegavehandelen i god tid. Eg reknar med at det ikkje vert mykje plass i kofferten, så i år baserar eg meg på netthandel. Så mykje fint som ein kan få på nett! Falt for desse karane her i tre - artige!


mandag 11. oktober 2010

Griseri

I går var vi ein tur i dyrehagen og rusla i det fine haustveret. Veldig kjekt å ha ein dyrehage i nabolaget. Olav synest det er stor stas å sjå på alle dyra! Trur han drømte om elefantar og papegøyer i natt! :)



Litt ymse oppførsel får ein og med seg..