søndag 15. mars 2009

Søndagskos i SOLA!






I dag he det vore ein knallfin dag! I det fine veret tok vi turen til Fuxing park for å stå på rulleskøyte & brett. Masse folk ute og ungane storkosa sej!

Lunsj på Pizza Marzano i Xintandi var heller ikkje å forakte..! Beste italienske hittil - det vert ikkje siste gong!

torsdag 12. mars 2009

Klassetur 2nd grade






I går var eg med klassa til Tore Johan på klassetur til YuAn garden. Vi var inne i eit museum som viste korleis ein lagar silke, inne i tempelet og til slutt inne i sjølve hagen. Fin tur med mange kjekke born!

tirsdag 10. mars 2009

..litt strikk..



Laga eit panneband til Andrea. Superenkelt og fint!!

Nice?

mandag 9. mars 2009

Det vårast!



Endeleg kom våren og varmen hit til oss i Shanghai også! Det gjorde godt både for kropp og sinn..
I dag har eg og Olav vore ein liten tur på byen. Olav fekk seg sko og det var stas, har testa dei i sandkassa i dag! Vi var og innom ein liten fin butikk som sel moderne kinesiske møblar. Kjøpte ein stol og ein høg krakk. Etter eg kom heim fann eg ut at krakken passar fint på kjøkkenet heime - så då må eg kjøpe ein til! Kjekt å få ut litt IKEA møblar og inn med skikkeleg tre!

torsdag 5. mars 2009

Fotokurs

I morgon er det 2.leksjon i fotokurset eg har meldt meg på. Det vert kjekt! Vi fekk i oppgåve å ta bilder der vi skulle legge vekt på observasjon, "white balance" og ISO. Eg hadde store planar om å reise ned til gamlebyen på fotojakt, men sidan Olav har vore sjuk heile veka vart det ikkje slik.... Likevel har eg fått tatt nokre bilder inne..






Ein ser tydeleg at det er stor forskjell på bilda etter kva innstilling ein har. Eg fekk ikkje til å ta bilder med ulik ISO, då skulle eg ha hatt ein litt mørk plass for å få fram effektene. Uansett så er eg igang med å utforske kameraet, ikkje noko autoinstilling på meg no framover, nei!

Ditte verte kjekt!

onsdag 4. mars 2009

taramtata..




Andre dagen eg er inne med Olav som har feber og slett ikkje er i form.. Godt å ta livet med ro, har fått rydda litt og sett et par gode gamle filmer på HBO. Einaste som stressar meg no er foto-oppdraget eg har til fredag. I morgon må eg ha det i boks og det er lettare sagt ein gjort! Skal ta bilde med ulik ISO innstilling på kameraet og ulik lyssetting. Puuh, vert vel litt på halv åtte.. ...som vanleg! MEN neste gong DÅ skal eg vere tidleg ute og verkeleg få tatt eit blinkskudd! heheh..

Nei, no kan eg ikkje "kaste" vekk meir tid på blogg, lurte på å lage bollar. Kan no prøve å vere litt husmor!