tirsdag 8. september 2009

..back in town

Tilbake på plass her i Kina, snart ein månad sidan vi forlot vakre noreg no. Det er godt å ikkje vere "new in town", sleppe å stresse rundt for å finne matvarer, husting og alt anna ein treng for å fungere i kvardagen. Tore Johan og Andrea er godt i gang både på skulen og på fritida. Tore Johan er med på svømmelaget til SCIS og trener tre gongar i veka. Andrea fortsett med turn, så har vi ein plan om å få ho igang med eit eller anna instrument. Sjølv vil ho spele tverfløyte, vi får sjå! Mor i huset har hatt sin første time med yoga, Sindre sliter ut tredemøllene her på compounden. Olav har starta på Gymboree, der han er kvar mandagsmorgon ilag med mamma. Kjekt!

Skal prøve å vere flink å ta mykje bilder framover, og skrive innlegg slik at det vert litt meir enn sporadisk aktivitet her på bloggen. Forutsatt at eg fortsatt klarer å "hacke" meg gjennom den teknologiske kinesiske mur..