mandag 29. september 2008

Sykkel må ein ha!

     

Olav og mamma på sykkeltur! Kjempestas!

29. september

                                   

Denne veka er det national holiday, "golden week" som det vert kalla her. Sindre har fri frå jobb og småtrolla er heime frå skule. Vi skal ikkje reise ut av byen denne veka, men nytte sjangsen til å sjå oss litt rundt og slappe av. Det trengs kjenner vi, det har vore utfordrandes for alle sammen å komme i orden på skule, verte kjende osb.. I dag har vi vore ein tur å sett på utsikta frå Shanghai World Finance Center og den var bra! Skyskraparen er den nyaste og høgaste i Shanghai, 492 m. Det var flott å sjå utover byen og veldig laaangt ned.. 

Tore Johan synest det er litt skummelt å stå på glasgolv..



Andrea ser etter huset vårt...





torsdag 25. september 2008

25 september

Tur til blomstermarkedet i dag. (Tok med kamera!) Kjøpte litt blomster til å ha ute og inne. Kjekt å gå på markedet å sjå, der finn ein mange fine kinesiske møblar og. Eg fant eit skap eg skal kjøpe til gangen, men må nesten finne ut kva som er bra pris før eg startar på prutinga.

Trip to the local flowermarket today. (Brought my camera!) Bought some flowers to put inside and outside. Nice to go to the market, they have many nice chinese furnitures there. I found a closet for my hallway, but I have to find out what the "good price" is before I start bargain.



onsdag 24. september 2008

Urettferdig sa Tore Johan...


Tore Johan syntest det var på tide at det var eit bilde av han og på bloggen vår.. ..og det er sant! Her har han funne ein augestikkar utanfor huset vårt i Green Valley. 


Trollungane!



Måtte berre legge inn desse bilda av to småtroll som kosar seg i sofaen! 

Birthday party!




Andrea har vore i bursdagsselskap til ei jente frå klassa si. Feiringa var ganske forskjellig frå slik vi gjer det i noreg. Selskapet var på Colour - me, ein partyplass for barn(!) Det var masse aktivitetar på skikkelig amerikansk vis! Andrea synest det var kjempegøy!  

tirsdag 23. september 2008

23. september





Ein skikkeleg deilig dag har det vore her i dag. Sola skin og ein kan ikkje klage på temperaturen. Eg har vore på markedet og bestillt meg skjørt + ein del dressbukser til Sindre. Kjekt å få sydd til seg - spent på om det vert bra! På veg heim måtte eg berre inn om Simply Life der eg gjorde nok eit scoop.. ..synest eg iallefall! Kjøpte meg to Karim Rashid "bøtter" som skal få plass ved siden av mac'en. I desse kan eg ha pennar og diverse. Det blir så fint! 

onsdag 10. september 2008

10.september



I dag e det onsdag og ej he ingen plana - skal berre vere heime og kose mej med Olav. Sindre skal vere vekke fram til fredag so no e det mor som styre i huset.. som vanlig! Det e godt å ta det med ro og ta sej tid til å vere litt heime, det verte fort mykje farting rundt omkring. Berre å handle mat tek litt tid, savnar å kunne stikke inn om straumane av og til! Eg har heldigvis funne ein butikk der dei har dei varene som vi er vande med. Ein blir ganske fort lei av wok og ris/nudlar! 
Olav vekse fort, no klarer han å sitte litt på golvet. Han er litt ustø så vi må passe på! Tore Johan har starta med tennis og Andrea trenar turn. Det er veldig kjekt her inne på området at dei har gymsal og aktivitetar for alle. Eg har planar om å spele litt tennis eg og, men har ikkje kome så langt!
...no høyrer eg at Olav er våken så då må eg vel avslutte.. 
  

lørdag 6. september 2008

6.september


Back to school BBQ


I dag har vi vore på grillfest på skulen til Andrea og Tore Johan. Skulen hadde laga til med levande musikk, masse aktivitetar for borna og god mat!