mandag 29. september 2008

29. september

                                   

Denne veka er det national holiday, "golden week" som det vert kalla her. Sindre har fri frå jobb og småtrolla er heime frå skule. Vi skal ikkje reise ut av byen denne veka, men nytte sjangsen til å sjå oss litt rundt og slappe av. Det trengs kjenner vi, det har vore utfordrandes for alle sammen å komme i orden på skule, verte kjende osb.. I dag har vi vore ein tur å sett på utsikta frå Shanghai World Finance Center og den var bra! Skyskraparen er den nyaste og høgaste i Shanghai, 492 m. Det var flott å sjå utover byen og veldig laaangt ned.. 

Tore Johan synest det er litt skummelt å stå på glasgolv..



Andrea ser etter huset vårt...





Ingen kommentarer: