søndag 2. november 2008

November..!

Tenk at vi er komt til november allereie! Syns tida flyg, det er ikkje lenge att til jul no. Først skal vi ha besøk av mamma, Torill og Frida. Det er ein mnd. til dei kjem og det gler vi oss til! Skal tru kva vi skal finne på då? Reknar med det blir litt sightseeing og shopping og MASSE kosing! Gler oss! 

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag - igjen! Det er andre søndagen Tore Johan har vore sjuk no, denne gongen var det omgangsjuka.. Stakkars liten! Håper berre at vi andre slepp unna, Sindre reiser til Tokyo på tirsdag og då er det greit at alle er friske og raske! Søndagssyslene i dag har foregått på kjøkkenet. Sjølv om eg ikkje er så begeistra for gassovnen vi har her gav eg meg i kast med både kanelsnurrar og eplekake. Det gjekk faktisk bedre enn sist eg laga bollar, men som heime vert det ikkje! 
      

Det er berre å komme innom for kake og kaffe! 

Ingen kommentarer: