
mandag 27. oktober 2008
fredag 24. oktober 2008
Litt husmorfakte..!
Sjølv om gradestokken ikkje har vore under tjue grader ute enda så har eg tatt fram strikkepinnane. Det går nok ein mnd. før vi får ta det i bruk, men i des/jan/feb er her fryktelig kaldt og rått så då skal det bli godt å få kle seg i ull!
Syns resultatet vart OK. Det er første gong eg har gjort alt ferdig sjølv utan hjelp til montering eller hekling! Veldig formøgd med det!!
onsdag 22. oktober 2008
Halloween...
Sindre har vore i Singapore denne veka, kjem heim i morgon kveld. Det skal bli kjekt! I helga skal vi berre slappe av og ta livet med ro.. Det skal bli godt!
lørdag 18. oktober 2008
Frukostkos!
tirsdag 14. oktober 2008
Tenner
søndag 12. oktober 2008
12. oktober
I dag er det søndag og vi har vore på skikkelig familieutflukt! Først reiste vi til akvariumet som ligg på Pudong, Shanghai Ocean Aquarium. Der fekk vi sjå masse rart! Mange fine småfiskar i alle fargar, hai, pingvinar og aligatorar! Syns vi var litt vel nærme aligatorane... Kunne strekke handa over karkanten.. ..då vart mor litt stressa ja! "Pass fingrane!!" (Kanskje litt overdrive, men nesten sånn var det..) Kjekt var det for alle, Olav strekte seg etter småfiskane og syns det var gøy! Like stas som turen til Pudong var vel avslutninga på dagen i dag. Vi var så heldige å verte inviterte på vafler (restar av røra frå igår ja..) med ekte norsk geitost! Mmmm det har vel aldri smakt så godt med brunost nokon gong.. ..når eg tenker meg om er det vel første gong Tj og Andrea et geitost med eit smil. Fantastisk med norsk mat! Vi gler oss til jul!
mandag 6. oktober 2008
Mobilbilder
Etter at eg fekk ny mobil har eg vorte litt flinkare til å ta bilder når vi er på farta.. Det er kjekt!
Her er vi på Blue frog, kjempegode hamburgere!
Andrea og Tore Johan på markedet. Fann ein butikk med masse leiker.. vil ha, vil ha! Desverre er det ganske dårlig kvalitet på leikene der så dei måtte nok gå tomhendte heim den dagen..
lørdag 4. oktober 2008
4. oktober
No er ferien snart over, tida har gått så alt for fort! Vi har hatt ei fin veke, synest det har vore godt å få lade batteria litt! I går var vi ein tur og besøkte nokre som bur på Pudong (andre sida av elva). Der fekk vi sjå korleis dei hadde det og vi fekk kjempegod filipinsk grillmat!

I dag skal vi ein tur på favoritt plassen til borna saman med ei svensk familie - bluefrog! Der er det kjekt for alle, god mat og leikerom! Det vert ikkje så mykje kinesisk mat vi et saman med borna, dei foretrekk vestleg mat.
I dag skal vi ein tur på favoritt plassen til borna saman med ei svensk familie - bluefrog! Der er det kjekt for alle, god mat og leikerom! Det vert ikkje så mykje kinesisk mat vi et saman med borna, dei foretrekk vestleg mat.
Det er kjekt om de legg inn kommentarar på det eg skriv -sett pris på det! :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)

