Kvardagsheltar som eg treff på kvar dag. Vaskar, ryddar og plukkar opp etter alle oss andre..
fredag 10. september 2010
onsdag 8. september 2010
Leik med tal
mandag 6. september 2010
Skulestart
Eit par veker sidan no, men synest det er nesten obligatorisk med bilder frå første skuledag! I dag skal TJ starte opp igjen med svømminga. Eg er litt spent, treninga startar ein time etter skulen er slutt og han må ta litt ansvar for leksene sjølv. No skal han svømme frå 16.00 til 18.00 og kjem heim med Sindre nærmare halv sju, tre gongar i veka. Held han ut dette imponerar han stort!
...før og etter bilder.
tirsdag 31. august 2010
back in town...
Då er vi plass i Shanghai igjen. Dette er siste halvåret vårt, til jul reiser vi heimatt til familie, vener og jobb. No gler eg meg faktisk litt til det! Men før den tid skal eg få meg med alt, ete god mat, vandre i gatene og gjere nokre få innkjøp.. Bildet er frå i vår; dampande varme gode dumplings. Har ikkje vorte mykje fotografering i det siste, men det skal eg snart gjere noko med - må berre få ungane godt i gang på skulen og komme litt i gjenge først.
tirsdag 6. juli 2010
Sol, sommar og ski!
...LYST på.
No er det berre vel ei veke til eg får min kjekke mann i hus. Eg gler meg masse!
Har ein plan for kva han kan gjere dersom han har god tid på flyplassen i Helsinki.


Herme litt etter ein god venn er vel lov? Denne veska har eg sett vert brukt masse - så då er det eit skikkeleg fornuftskjøp.
onsdag 30. juni 2010
På gardsbesøk.



I dag har eg vore på gardsbesøk på Hagebø i lag med onsdagsgjengen. Det er dei som eg har vore heime onsdagane med før vi flytta til Shanghai. Det var så herleg å komme til Hagebø, det lukta så godt nysteikte bollar og vafler. Ungane kosa seg med sauer og høns - dette gav verkeleg meirsmak!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
