lørdag 11. september 2010

Vesle STORE guten vår.




Stor stas! Olav har fått seg motorsykkel!




...viktig å tørke av etter bruk!

fredag 10. september 2010

Kvardagsheltar




Kvardagsheltar som eg treff på kvar dag. Vaskar, ryddar og plukkar opp etter alle oss andre..

onsdag 8. september 2010

B&W Pudong



Leik med tal


Vi var så heldige å få ei boks med plastalina frå nokre naboar i går. I boksa fann vi fine former for tala, veldig kjekt!

mandag 6. september 2010

Kaffi anyone?


Olav har også lyst på kaffi, her kosar han seg med "kaffi" og "kake".

Skulestart


Eit par veker sidan no, men synest det er nesten obligatorisk med bilder frå første skuledag! I dag skal TJ starte opp igjen med svømminga. Eg er litt spent, treninga startar ein time etter skulen er slutt og han må ta litt ansvar for leksene sjølv. No skal han svømme frå 16.00 til 18.00 og kjem heim med Sindre nærmare halv sju, tre gongar i veka. Held han ut dette imponerar han stort!

...før og etter bilder.




Det vart etterlyst før og etter bilder av hagearbeidet vi gjorde i sommar. Her er dei! Kjem seg no, neste sommar skal vi ta hagen bak hus og garasje. Håper at det veks seg til, kjekt med hagearbeid!

tirsdag 31. august 2010

back in town...


Då er vi plass i Shanghai igjen. Dette er siste halvåret vårt, til jul reiser vi heimatt til familie, vener og jobb. No gler eg meg faktisk litt til det! Men før den tid skal eg få meg med alt, ete god mat, vandre i gatene og gjere nokre få innkjøp.. Bildet er frå i vår; dampande varme gode dumplings. Har ikkje vorte mykje fotografering i det siste, men det skal eg snart gjere noko med - må berre få ungane godt i gang på skulen og komme litt i gjenge først.

tirsdag 6. juli 2010

Sol, sommar og ski!



Alt kjekt ein finn når ein sitt å leikar seg på nettet! Her er årets julegåvetips. Sy din eigen skipose. Du finn oppskrifta på mønsterarkivet, link ligg på sida. Eg veit om leire som hadde synest denne hadde vore stas å få!

...LYST på.

No er det berre vel ei veke til eg får min kjekke mann i hus. Eg gler meg masse!
Har ein plan for kva han kan gjere dersom han har god tid på flyplassen i Helsinki.


Herme litt etter ein god venn er vel lov? Denne veska har eg sett vert brukt masse - så då er det eit skikkeleg fornuftskjøp.