
I helga var vi på tur til Hong Kong heile familien. Synest vi fekk sjå mykje av byen på fire dagar. Vi tok turen til Victoria Peak, der hadde vi ei fantastisk utsikt over byen by night. Vi besøkte Madame Tussauds og gjorde litt vindusshopping. Vi var og i Disneyland som var heilt fantastisk for borna. Reint og flott tillaga med aktivitetar som passa for heile familien. Vi fekk og tid til ein sightseeing båttur og ein tur med taubane til Poh Lin Monestary der ein finn verdast største buddahstatue i bronse. Dette er nok siste turen medan vi bur i Kina, litt vemodigt, men tenker at vi får vere flinke å reise når vi kjem heim også.
No skal eg snart opp å vekke veslegut som ligg å søv, vi tek oss ein tur på leikeplassen for å få ut litt energi! Torsdag får vi besøk og det gler vi oss til!