fredag 31. oktober 2008

...endeleg er det Halloween!

       

Skikkeleg forberdet på storinnrykk til kvelden!

           

Andrea og Tore Johan på veg til skule.



Hagen er og "pynta"..


tirsdag 28. oktober 2008

gutta boys

Hahahahahahhaaa!


Neeeiii! Lika ikkje dinna kyssinga!



Søtnos!

fredag 24. oktober 2008

Litt husmorfakte..!

Sjølv om gradestokken ikkje har vore under tjue grader ute enda så har eg tatt fram strikkepinnane. Det går nok ein mnd. før vi får ta det i bruk, men i des/jan/feb er her fryktelig kaldt og rått så då skal det bli godt å få kle seg i ull! 

     


 Syns resultatet vart OK. Det er første gong eg har gjort alt ferdig sjølv utan hjelp til montering eller hekling! Veldig formøgd med det!! 

onsdag 22. oktober 2008

Halloween...



I dag har eg vore på laaang bytur med mine tre små for å få sikra oss godt utstyr til Halloween! Egentlig så feirar ikkje vi Halloween, eg har alltid vore ei forferdelig mamma den datoen.. syns iallefall TJ og Andrea! I år vert det ikkje slik! På skulen har dei vore igang med ulike Halloweenaktivitetar lenge og no er kostyma i hus. Faktisk so kjem vi til å feire skikkelig, med gresskarlykter og skumle effektar utanfor huset! Skal det vere -  så skal det vere! Eg skal legge inn bilder seinare..

Sindre har vore i Singapore denne veka, kjem heim i morgon kveld. Det skal bli kjekt! I helga skal vi berre slappe av og ta livet med ro.. Det skal bli godt!




lørdag 18. oktober 2008

Frukostkos!

    
Fanteguten og pappa koser seg med frukost! Olav synest det er så kjekt å få sitte saman med oss andre når vi skal ete.. 


På fruktmarkedet




tirsdag 14. oktober 2008

Tenner



Vi er litt opptatt av tenner for tida.. vi venter i spenning på at Olav skal få dei to oppe slik at vi andre  får sove om natta igjen.. au au!

søndag 12. oktober 2008

12. oktober







I dag er det søndag og vi har vore på skikkelig familieutflukt! Først reiste vi til akvariumet som ligg på Pudong, Shanghai Ocean Aquarium. Der fekk vi sjå masse rart! Mange fine småfiskar i alle fargar, hai, pingvinar og aligatorar! Syns vi var litt vel nærme aligatorane... Kunne strekke handa over karkanten.. ..då vart mor litt stressa ja! "Pass fingrane!!" (Kanskje litt overdrive, men nesten sånn var det..) Kjekt var det for alle, Olav strekte seg etter småfiskane og syns det var gøy!  Like stas som turen til Pudong var vel avslutninga på dagen i dag. Vi var så heldige å verte inviterte på vafler (restar av røra frå igår ja..) med ekte norsk geitost! Mmmm det har vel aldri smakt så godt med brunost nokon gong.. ..når eg tenker meg om er det vel første gong Tj og Andrea et geitost med eit smil. Fantastisk med norsk mat! Vi gler oss til jul!