torsdag 29. april 2010

Expo 2010 - Shanghai



Sist helg hadde vi ein fin dag for mange nordmenn i Shanghai. Kyrkjekommiteen saman med Expo Norge arrangerte gudsteneste inne i den norske paviljongen helga før sjølve opninga av expo! Under gudstjenesta hadde vi to barnedåpar og ein konfirmasjon. Eg er med i kyrkjekommiteen og det var ein del utfordringar for å få dette til. Eg er glad for at vi likevel tok jobben og fekk til eit så vellukka arrangement!

Det vart ein fantastisk dag, den norske paviljongen er utruleg fin! Gler meg til mange turar på expo omrdet!!


onsdag 7. april 2010

SMP

Nyt sola!

Tøffingane mine..


onsdag 10. mars 2010

fotoglede


Starta på ny runde med fotokurs forrige veke, i dag gjekk turen til Jade Buddah Temple for å finne fine motiv. Oppgåva vi fekk var å ta bilde av folk som var i farta, kan ikkje seie at eg fann det eg lette etter der. Eg får ta bilde av Tore Johan og Andrea når dei er på veg til skule i morgon. Fikk likevel tatt ein del fine bilder, nokon av dei kan eg bruke i eit prosjekt vi skal arbeide med. Vi får velge tema sjølv, eg har ikkje bestemt meg enda.. Etter å ha traska ei stund i området inni og rundt tempelet møtte eg Hege på galleriklynga på M50. Mykje fint å sjå, fekk med meg heim nokre fine små keramikkskåler.

I morgon er det ny runde med fotokurs, eg får berre krysse fingrane for at det vert nokre folk i farta å ta bilde av i morgontimane - er som vanleg "i rute"?

mandag 8. mars 2010

Back in town..

No er vi tilbake på plass her i Shanghai. Reisa gjekk fint og det var godt å komme tilbake, litt bedre temperatur her enn heime i Norge.

I helga var det Culture Craft Fair på SCIS. Den dagen er det dei ulike landa som lagar til ulike "crafts". Borna får utdelt eit pass som dei får stempel i etter at dei har vor einnom eit land. Norge, Sverige og Finland samarbeidde i år og temaet på rommet vårt var "the sami people". Der kunne borna lage steintroll, lage samefigurar og snøballar. Det var veldig kjekt!

Etter at vi var ferdige på skulen, var eg på Shanghai Literary Festival og hørte på Åsne Seierstad fortelle om bøkene sine. Ho var veldig flink, skal prøve å få tak i den nye boka hennar og få sendt den hit snarast!

Tore Johan og Sindre var i Suzhou på svømmekonkuranse. Litt vanskeligare no, sidan TJ har gått opp ei klasse sidan han no er ni år. men kjekt var det!

På søndag var vi på museum, byplanleggingsmuseum. Det var artig å sjå planane dei hadde for byen og ikkje minst korleis expo området vert. Gler oss veldig til expo! Lunsjen inntok vi på kinesisk restaurant og "bank i bordet" alle likte maten og det var veldig kjekt! (Det er ikkje alltid like lett å få dei små til ete noko anna enn hamburger og pizza..)

No er det mandag og kvardag igjen. Trur det vert ei kjekk veke, om ei lita stund skal eg spele Mahjong. Har laga kake sidan det er ei som har bursdag. I morgon skal eg på kokekurs og torsdag er det fotokurs igjen. Gjeld å halde seg i aktivitet slik at ein slepp å sakne dei heime! For litt rart er det å komme tilbake, trøsta er at det ikkje er lenge til sommaren!








lørdag 20. februar 2010

Vinterferie!

Er heime i Norge ein tur, supergodt å vere heime!

Kosar oss med god mat, venner og familie og ikkje minst naturen og snøven som ligg so fint no! Om ei veke er det retur og då skal eg legge inn litt bilder.

I morgon skal vi feire Olav som vert to år - stor gut!

torsdag 28. januar 2010

...bursdag!


I dag var det min tur til å feire og det skulle etter min plan gå stille og roleg for seg.. Sindre er i Hangzhou og storetrolla på skulen. Eg tenkte eg skulle vere effektiv og handle på morgonkvisten slik at vi var klar for besøk av Helene og Sigve midt på dag.


Slik vart det ikkje! Tidleg i dag fekk eg besøk av ein flokk med kjekke damer og eit par søte små. Dei hadde baka kake og hadde med blomster! Synge kunne dei også! Veldig kjekk start på dagen!

No i kveld har eg vore så heldig å verte påspandert massaje i ikkje mindre enn to - TO - timar! Vi kosa oss veldig eg og Marianne! Einaste som mangla var ei seng å slenge seg i etterpå, vert så sigen og trøtt. Men eg får finne mi eiga seng no, i morgon er det nok ein dag i eit nytt tiår for meg og det er vel ikkje verst?

onsdag 27. januar 2010

Regn og vatn er kjekt!


I dag regnar det ute og det likte Olav! På med regnkle og ut for å hoppe i søylene. Reknar med det vert nok slike dagar når vi kjem heim, men her er det ikkje så ofte at regnkleda er i bruk.

No ligg veslegut å søv, eg bakar litt rundstykke og ventar på kaffebesøk som kjem i ettermiddag. Det vert kjekt! I morgon er det den store dagen, då vert eg tredve år! Då kjem Helene og Sigve ein tur - det vert nok meir kaffe og kanskje litt kake då!


torsdag 21. januar 2010

Lyst på..

Fantastisk fine ting & tang finn ein på www.isak.co.uk
Likte veldig godt desse koppane! Mønsteret minner meg om noko frå barndomen - eg er ikkje sikker kva. Trur det er nokre koppar som mor hadde?

Tips til dei med små søte trulter - fine barnekle var der også!


.

mandag 18. januar 2010

ordning & reda


I kveld skal eg leite etter passande stoff, super ide frå mønsterarkivet!

Bedre og bedre dag for dag..!


Tore Johan er i bedre form i dag, håpar på at det vert skule i morgon - iallefall onsdag! Det er kjedeleg å vere heime så lenge. I helga fekk han mange flotte brev frå klassekameratane heime, kjempekjekt!

Her sitt han og skriv svarbrev - vi skal prøve å få det avgårde i dag slik at det er framme før vi kjem heim i februar. Det er ikkje mange vekene igjen no, berre tre veker så sitt vi på flyet heim. Vi gler oss masse!