Olav he vorte store gut og he fått sej stol! Endelig kan han sitte ilag med oss når vi ete mat. Kjekt for alle!
I dag har eg vore på SCIS, skulen til Andrea og Tore Johan. Der fekk vi ei inføring i korleis skulen fungerar og kva som skal skje framover. Eg tenkte å engasjere meg litt i PAFA (Parents and friends organisation), det er ein organisasjon som samarbeider med skulen om ulike arrangement osv.. Grei måte å holde seg oppdatert på kva som skjer og å møte nye folk! Håper det vert bra. Ellers går det greit med skulestart, det har vore litt språkvanskar - men eg synest dei er kjempeflinke! I helga skal eg overraske dei med ein liten premie!
I går hadde vi besøk av nokre kjente frå ABB ulsteinvik og det var veldig kjekt. Vi fekk vise fram korleis vi har det her i Shanghai. Tore Johan og Andrea synest det er like stor stas kvar gong vi får besøk av ekte nordmenn, (les: sunnmøringa!)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar