Første innlegg i bloggen som eg har hatt i tankane på å opprette lenge. Håper at bloggen kan verte ein måte å halde kontakta med familie og vener på desse åra vi skal bu her i Shanghai. Det er no over tre månadar sidan vi kom hit og det har vore mange laaange dagar og mange kjekke dagar! No er kvardagen her, Andrea og Tore Johan starta på skule i dag. Det var ikkje med lett hjarte eg reiste heim frå skulen. Tenkjer på dei no og håper at dei klarer seg bra. Det er ikkje lett å vere den som ikkje forstår språket.. men vi satsar på at dei lærer fort! I dag skal mor slappe av og gjere minst mogleg, berre kose meg med Olav! Klokka to reiser vi ned på skulen for å sjå at dei klarer å finne rette bussen heim osv.. I morgon må dei klare seg sjølve.
I går opplevde vi ekstremt regnvær, legg ved eit bilde av Sindre på veg til jobb. Barfot og med dressbuksa godt oppbretta vassa han ut til bilen.. Artig!
Håper at eg klarer å vere flink å legge inn små hendingar og litt bilete slik at det kan vere kjekt å gå inn på sida vår for å sjå!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar