søndag 12. oktober 2008

12. oktober







I dag er det søndag og vi har vore på skikkelig familieutflukt! Først reiste vi til akvariumet som ligg på Pudong, Shanghai Ocean Aquarium. Der fekk vi sjå masse rart! Mange fine småfiskar i alle fargar, hai, pingvinar og aligatorar! Syns vi var litt vel nærme aligatorane... Kunne strekke handa over karkanten.. ..då vart mor litt stressa ja! "Pass fingrane!!" (Kanskje litt overdrive, men nesten sånn var det..) Kjekt var det for alle, Olav strekte seg etter småfiskane og syns det var gøy!  Like stas som turen til Pudong var vel avslutninga på dagen i dag. Vi var så heldige å verte inviterte på vafler (restar av røra frå igår ja..) med ekte norsk geitost! Mmmm det har vel aldri smakt så godt med brunost nokon gong.. ..når eg tenker meg om er det vel første gong Tj og Andrea et geitost med eit smil. Fantastisk med norsk mat! Vi gler oss til jul! 


1 kommentar:

Den gode feen sa...

Hei, og takk for kommentar inne hjå meg :) Som eg har forstått det så bur de i Shanghai for ein periode? Det høyres jo vanvittig spennandes ut :) Og ja, ta fram symaskina - det er kjempekjekt å sy. I Shanghai har du sikkert tilgong på vanvittig mykje fint av både stoff og band og blonder! Ha ein fin mandag :)