mandag 6. april 2009

Påsketid...


Oj! Det er lenge sidan eg har skrive innlegg..
Det er ikkje det at eg ikkje har noko å skrive om, men no når det tek til å verte varmt ute sitt eg mindre ved dataen... ..og det er vel bra?

Sidan sist er vi ferdige med springbreak og Olav har lært seg å gå! Vi har vore mykje på turar rundt om i Shanghai, seinast i dag var vi til Lujiabang Lu og fekk sydd oss litt nye kle. Det er snart 17. mai og det skal vi feire stort her borte! (Eg er med i kommiteen) Etter vi var ferdige på Lujiabang kjørte vi til Taikang Lu og kooosa oss lenge i sola. Vi vart enige om at det slettes ikkje var så verst å feire påske i Shanghai likevel.. ...utepils og god mat i sola trøstar LITT. (Vi er ganske "låke" og skulle gjerne vore på hytta og stått på ski no..) :)

GOD PÅSKE FOLKENS!!!

Ingen kommentarer: