


Etter å ha vore i Shanghai i to år, var eg så heldig å verte invitert med til å stille ut bilder som eg har teke her denne tida. Vi hadde ei fin opning av utstillinga, og det var kjekt å sjå at mange synest at bilda var fine. Synest det vart ei fin avslutning på den tida eg har brukt på fotokurs. På bildet under er Amanda (til høgre), ho var læraren min i kinesisk før.
2 kommentarer:
Gratulerer med fotoutstilling! Du må vere kjempe stolt! Hjelpe meg kor flink du er... Og tusen takk for at du er innom bloggen min. Det set eg stor pris på! Eg er ikkje aktiv i husflidlagen lenger, men dei har planar om kurs til hausten. Linda Hasund veit ein del om dette... Du må vite det har vore fint i dag. Eg fekk planta blomar i pottene mine. Storeguten slo plen, og Vinjar held på med nytt hønsehus. So snart vert det høner på Hagebø att. Gler meg som ein unge! Vonar me kan ha kontakt når du flyttar heim... Velkoma til gamle-landet, Fru Fotoglad!
Hei og takk for koselig kommentar! No er det slik at vi ikkje kjem heim til sommaren, men til jul. Sindre utvida kontrakta med eit år til, så han vert her til ut mars.
Gler meg til å kome heim til huset mitt, og eg skal prøve å vere flinkare med symaskin/strikking då! Det er så mykje fint å sjå inne i denne bloggverda!! Vert veldig inspirert.
Kjekt med vår, du har fått det så fint heime hos deg - det er ei fryd å sjå!
Legg inn en kommentar