
I går var det kvinnedagen. Eg markerar ikkje denne dagen spesiellt, men synest likevel at den set fokus på noko viktig. Tenker vi litt utanfor Noreg er det mange kvinner som ikkje har like rettar som menn. Pliktar har dei ofte nok av.
I vår familie er arbeidsdelinga veldig tradisjonell for tida. Far arbeider. Mor er heime, passar borna, huset og ser til at alt går som det skal i kvardagen.
Ein skal ikkje kaste stein i glashus.
Men eg kan kaste så mykje som eg berre vil. Vi har saman funne ei ordning som fungerar for oss no. Ordninga er frivilleg for alle partar og kan endrast dersom nokon synest det trengst.
..forresten skal eg no ta å ringe litt rundt og sjå om det er nokon som treng vikar framover. Kan vere kjekt å kome seg i gang att.. eller ikkje.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar