
I dag e det onsdag og ej he ingen plana - skal berre vere heime og kose mej med Olav. Sindre skal vere vekke fram til fredag so no e det mor som styre i huset.. som vanlig! Det e godt å ta det med ro og ta sej tid til å vere litt heime, det verte fort mykje farting rundt omkring. Berre å handle mat tek litt tid, savnar å kunne stikke inn om straumane av og til! Eg har heldigvis funne ein butikk der dei har dei varene som vi er vande med. Ein blir ganske fort lei av wok og ris/nudlar!
Olav vekse fort, no klarer han å sitte litt på golvet. Han er litt ustø så vi må passe på! Tore Johan har starta med tennis og Andrea trenar turn. Det er veldig kjekt her inne på området at dei har gymsal og aktivitetar for alle. Eg har planar om å spele litt tennis eg og, men har ikkje kome så langt!
...no høyrer eg at Olav er våken så då må eg vel avslutte..