onsdag 9. mars 2011

I går var det kvinnedagen. Eg markerar ikkje denne dagen spesiellt, men synest likevel at den set fokus på noko viktig. Tenker vi litt utanfor Noreg er det mange kvinner som ikkje har like rettar som menn. Pliktar har dei ofte nok av.

I vår familie er arbeidsdelinga veldig tradisjonell for tida. Far arbeider. Mor er heime, passar borna, huset og ser til at alt går som det skal i kvardagen.

Ein skal ikkje kaste stein i glashus.

Men eg kan kaste så mykje som eg berre vil. Vi har saman funne ei ordning som fungerar for oss no. Ordninga er frivilleg for alle partar og kan endrast dersom nokon synest det trengst.

..forresten skal eg no ta å ringe litt rundt og sjå om det er nokon som treng vikar framover. Kan vere kjekt å kome seg i gang att.. eller ikkje.

mandag 7. mars 2011

ordning och reda



God morgen!
Nyt ein kopp kaffi no før eg sett nasa mot garasja og pappkassene der..



Ser at vi har fått med oss litt meir heim enn det vi tok med når vi reiste..
No gjeld det berre å finne plass til alt slik at det vert
ORDNING OCH REDA!

søndag 6. mars 2011

BIG changes..




Då har nesten heile familien flytta heim til Ulsteinvik igjen. Vi ventar berre på pappaen vår som skal gjere seg ferdig med kontraktstida si i Shanghai. Om fire veker er vi alle samla igjen og det gler vi oss til!

Misjonen for bloggen er då egentleg over. Reisa er slutt. Slik var det eg tenkte det då eg oppretta bloggen då vi flytta til Shanghai for tre år sidan. Men er reisa over? Nei, eg vel å tenke på oss som ein gjeng på stadig reise. Det passar meg betre, tatertausa.

Bilda over er frå Milano i midten av februar. ;-)

mandag 22. november 2010

Haust


..søndagstur

Andrea og Tore Johan

Det var ikkje berre vi som ville besøke den lokale vannbyen denne dagen..

Nokon som vil ha skilpadde?

..eller ei grashoppe?

mandag 15. november 2010

mandag 1. november 2010

Trick or treat?



Denne helga har vi feire Halloween! Første bildet er av Olav og Hugo. Dei var ute på laurdagskvelden på trick or treat.. Vart nokre godbitar på dei i posane! Dei to neste bilda er frå feiringa i klassa til Andrea. Alle fekk utdelt kvar sin heksepose, det var god mat og artige leikar. Eg stod faktisk for eine leiken og det gjekk bra sjølv for ein nordmann som ikkje er van med å feire Halloween. :)

søndag 31. oktober 2010

Besøk av bestemor, tante og Julie!

Siste vekene har vi hatt besøk av bestemor, tante Monica og Julie. Det har vore kjempekjekt, vi har opplevd mykje artig desse vekene! Kjekt at dei hadde anledning til å ta turen for å sjå korleis vi har det her. Trur at dei har fått sett mykje av Shanghai, og litt til. No pustar vi ut og ser fram til siste seks vekene i her. I dag starta eg så smått med å rydde i skap og skuffer, det er ikkje alt vi skal ha med heim.. Ikkje så lenge til flyttebyrået kjem for å sjå kva som skal vere med - tida flyg!


Vi feira Sissel sin 65 års dag på toppen av SAS hotellet. God mat og drikke - ikkje minst ei fantastisk utsikt over byen.



Fantastsik ostekake! :D


Tore Johan, Andrea og Julie hadde det veldig kjekt ilag! Vatn er fascinerandes i alle aldrar..





søndag 17. oktober 2010

Ønsketid..



Med tanke på at vi skal flytte heim til norge rett før jul, prøver eg å få unna julegavehandelen i god tid. Eg reknar med at det ikkje vert mykje plass i kofferten, så i år baserar eg meg på netthandel. Så mykje fint som ein kan få på nett! Falt for desse karane her i tre - artige!


mandag 11. oktober 2010

Griseri

I går var vi ein tur i dyrehagen og rusla i det fine haustveret. Veldig kjekt å ha ein dyrehage i nabolaget. Olav synest det er stor stas å sjå på alle dyra! Trur han drømte om elefantar og papegøyer i natt! :)



Litt ymse oppførsel får ein og med seg..