mandag 12. januar 2009

Fuzhou Road

I dag har eg og Hege vore i Fuzhou Road på jakt etter gode bøker! I denne gata finn ein mange bokhandlarar, både store og små. Vi er ikkje så gode i kinesisk så vi fann nokre godbitar på Foreign Languages Bookstore. 



Dette bildet er frå ein av dei litt meir "kinesiske" bokhandlane.


...and off-course  there were a Starbucks!



Doubble latte, cheese & bacon sandwich! :) 

Bortsett frå den vanlige ovetinga og kaffidrikkinga fann eg meg desse bøkene: 
- Helen Tse, Sweet Mandarin
- Dai Sijie, Balzac and the little chinese seamstress
- Haruki Murakami, After the quake
- Haruki Murakami, South of the border, west of the sun
- Insight guides - CHINA 

torsdag 8. januar 2009

Au Au!



Olav har lært seg å reise seg opp.. ..resulterte i skikkeleg blåaue! Au au!

mandag 5. januar 2009

Nytt år - nye opplevingar!


Det er kjempelenge sidan eg har fått tid til å legge inn noko her på bloggen! Sidan sist har vi vore på julebord, hatt besøk av Torill, Frida og mamma, vi har vore heime i norge på ein kjekk juleferie og ei fin nyttårsfeiring.

No er vi "back in town" og det er godt. Var veldig spent på korleis det ville vere å reise tilbake hit etter å ha vore heime. Rekna med at det ville verte litt trist, men det har det ikkje vore! Tore Johan og Andrea syntest det var spennades å komme heim til julegavene frå oss som måtte ligge igjen her til over jul. ...det var kjekt å ha noko å gle seg til på flyet. "Skal tru kva vi får? Sei det, sei det!"...sikkert nye handdukar svara eg.. "hahahaa kjempefestlig!" 

I dag har vi vore på ilag med ein gjeng på lunsj. Olav fekk vafler og syns det var kjekt med litt liv og røre. Det har vore vanskelegast for han å snu døgnet. I natt ville
han berre ikkje sove meir, men etter litt synging og byssing gjekk det til slutt. 


Her er ei mormor som kan multitaske! Både Olav og Frida får flaske på ein gong! 


Frida og Olav på sightseeing i Yu An Garden


Mamma. Torill og Frida på toppen av World Financial Center


Tore Johan, Andrea og Dina pyntar juletre på hytta.

Sindre fekk nye skibriller av meg til jul..! Cool!


Sindre og Monica på nyttårsaftan.

No gjenstår det berre ¨sjå om alle dei nye forsetta vi har sett oss for det nye året held seg opp. Eg har planar som alltid; 

- Lære kinesisk! 
- Trene meir (Dette tenkjer eg kvart år!) 
- Bruke tid ilag med familien
- Lære meir om fotografering
- Vere flink med bloggen min!



tirsdag 25. november 2008

no går det trott..

Lenge sida sist innlegg..! No går vi berre å trippa og venta på besøk om ei vekes tid - det vert kjekt! Ellers har eg i dag hatt eit skikkeleg julegaveraid, godt å få det gjort! På lørdag skal vi på julebord. Det er det norske julebordet i Shanghai. Eg er så heldig at eg har vore med i arrangørkommiteen og ser no fram til at dagen er der (og at alt skal vere klart!). Det vert kjekt! 

No skal eg kose meg med innpakking av gåver og litt julemusikk! 


søndag 16. november 2008

Så fint!

Masse fint ein kan finne på nettet! Dette teppet syns eg var knalltøft! Fant det på nettbutikken Mollys heaven! Kjempeflotte fargar! 

Fotosafari i YuAn Garden



     
Tore Johan og Andrea inne i YuAn garden.

Masse som må oppdagast..
Små fotospirar..

       
Søndag var ikkje rette dagen - det krydde av folk!

Old style chinese house
       

Masse fine motiv!

onsdag 12. november 2008

Kjensla av haust..

Puh! For nokre daga det har vore i det siste! Tempoet er høgt og det er mykje som skjer.. I går fekk vi endelig bestillt billettane til ferien i januar. Det var godt å få det gjort! Ikkje alltid like lett å bestille på nettet her borte! No har eg begynt å gle meg til ei veke i Malaysia på seglbåt - det kan ikkje verte betre! Sindre reiste til Bejing i går og skal reise vidare til Vesterås i Sverige i dag. Han vert vekke til laurdag. I dag kom Tore J. og Andrea tidleg heim frå skulen, vi skal ein tur å handle litt og eg ser ikkje vekk frå at middagen i dag vert på Mc Donalds.. uff! 

No er det verkeleg haust ute. Sola skin, men det er godt å ha på ein tjukk og god gensar. Eg har fått litt dilla på strikking og er nett ferdig med eit lestepar til Andrea. Koselig å sitte å strikke om kvelden med levande lys på bordet!!



torsdag 6. november 2008

Eames Plastic Rocking Chair




Denne syns eg er kjempefin,  god å sitte i er den og! Berre to veker til no så står den i stua mi. Sånn kan det gå når ein skal vise andre kvar godsakene er.. ..ender opp med noko sjølv!

søndag 2. november 2008

November..!

Tenk at vi er komt til november allereie! Syns tida flyg, det er ikkje lenge att til jul no. Først skal vi ha besøk av mamma, Torill og Frida. Det er ein mnd. til dei kjem og det gler vi oss til! Skal tru kva vi skal finne på då? Reknar med det blir litt sightseeing og shopping og MASSE kosing! Gler oss! 

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag - igjen! Det er andre søndagen Tore Johan har vore sjuk no, denne gongen var det omgangsjuka.. Stakkars liten! Håper berre at vi andre slepp unna, Sindre reiser til Tokyo på tirsdag og då er det greit at alle er friske og raske! Søndagssyslene i dag har foregått på kjøkkenet. Sjølv om eg ikkje er så begeistra for gassovnen vi har her gav eg meg i kast med både kanelsnurrar og eplekake. Det gjekk faktisk bedre enn sist eg laga bollar, men som heime vert det ikkje! 
      

Det er berre å komme innom for kake og kaffe! 

..meir halloween..

Desse bilda er frå feiringa på skulen. Trur dei hadde ein kjempedag!

        



"He looks like a little pumpkin!" meinte læraren til TJ..

Diverse aktivitetar..