onsdag 29. april 2009

...praktisk!




I dag har eg funne ein super praktisk sak som eg skal ha bleier i over stellebordet!

Kjempegla!

tirsdag 28. april 2009

Besøk frå Norge!




Laurdags morgen reiste eg til flyplassen for å ta imot tante Kikki, Grethe og Malene. Glade kom dei fram, etter ei laaang men fin reise. Det var veldig kjekt å få besøk! Vi har vore å fått sydd kle, ete god mat og ellers berre kosa oss i nærområdet.. I dag resite dei ein kort tur til Beijing for meir seightseeing. Må få med seg den kinesiske mur - det er ikkje sikkert det vert fleire turar hit!?

Torsdag vert det Pudong, vi skal i toppen av world financial tower! Malene skal og ein tur på SCIS. Kjekt å få sjå korleis skulekvardagen er på ein internasjonal skule. Elles vert det litt sightseeing og trakking før dei skal heim mandags morgen.. Tida går so alt for fort!

onsdag 22. april 2009

Endring..




Så lenge har vi vore ute.. Olav har forandra seg MASSE!

Vi har flytta!





No er vi endeleg komne vel inn i hus 107. Det er GODT! Her storkosar vi oss på litt fleire kvadratmeter og ikkje minst - høøøgt under taket! Vi likar det vi..

Berre tre dagar att til vi får besøk no, eg har leitt fram norske flagg som eg tenkte å pynte med utanfor huset til dei kjem. Kanskje skal eg ta med eit på flyplassen og! Vi gler oss sånn til dykk kjem, forstår de er spente no! Veret er iallefall på topp, her er det sommar & sol - vi vert så godt humør av det!!

Ha ein fin dag alle saman!!

tirsdag 14. april 2009

Flytting..


I dag er det den store pakkedagen.. I morgon tidleg klokka ni kjem det ein heil bråte med folk som skal hjelpe oss å flytte til eit litt finare hus lenger borte i gata.. Då gjeld det å vere klar!

Påska er over, vi hadde ein fin tur til Suzhou. Nydeleg hotell, god mat og godt selskap! Bildet er fra ein av dei to hagane vi besøkte. Fint å spasere med alle småtrolla i "naturen"!

No gler vi oss til å lage til i nytt hus og ikkje minst er det berre 10(!) dagar til vi får besøk!! Vi GLER oss masse!!

mandag 6. april 2009

Påsketid...


Oj! Det er lenge sidan eg har skrive innlegg..
Det er ikkje det at eg ikkje har noko å skrive om, men no når det tek til å verte varmt ute sitt eg mindre ved dataen... ..og det er vel bra?

Sidan sist er vi ferdige med springbreak og Olav har lært seg å gå! Vi har vore mykje på turar rundt om i Shanghai, seinast i dag var vi til Lujiabang Lu og fekk sydd oss litt nye kle. Det er snart 17. mai og det skal vi feire stort her borte! (Eg er med i kommiteen) Etter vi var ferdige på Lujiabang kjørte vi til Taikang Lu og kooosa oss lenge i sola. Vi vart enige om at det slettes ikkje var så verst å feire påske i Shanghai likevel.. ...utepils og god mat i sola trøstar LITT. (Vi er ganske "låke" og skulle gjerne vore på hytta og stått på ski no..) :)

GOD PÅSKE FOLKENS!!!

søndag 15. mars 2009

Søndagskos i SOLA!






I dag he det vore ein knallfin dag! I det fine veret tok vi turen til Fuxing park for å stå på rulleskøyte & brett. Masse folk ute og ungane storkosa sej!

Lunsj på Pizza Marzano i Xintandi var heller ikkje å forakte..! Beste italienske hittil - det vert ikkje siste gong!

torsdag 12. mars 2009

Klassetur 2nd grade






I går var eg med klassa til Tore Johan på klassetur til YuAn garden. Vi var inne i eit museum som viste korleis ein lagar silke, inne i tempelet og til slutt inne i sjølve hagen. Fin tur med mange kjekke born!

tirsdag 10. mars 2009

..litt strikk..



Laga eit panneband til Andrea. Superenkelt og fint!!

Nice?