tirsdag 6. juli 2010

Sol, sommar og ski!



Alt kjekt ein finn når ein sitt å leikar seg på nettet! Her er årets julegåvetips. Sy din eigen skipose. Du finn oppskrifta på mønsterarkivet, link ligg på sida. Eg veit om leire som hadde synest denne hadde vore stas å få!

...LYST på.

No er det berre vel ei veke til eg får min kjekke mann i hus. Eg gler meg masse!
Har ein plan for kva han kan gjere dersom han har god tid på flyplassen i Helsinki.


Herme litt etter ein god venn er vel lov? Denne veska har eg sett vert brukt masse - så då er det eit skikkeleg fornuftskjøp.

onsdag 30. juni 2010

På gardsbesøk.







I dag har eg vore på gardsbesøk på Hagebø i lag med onsdagsgjengen. Det er dei som eg har vore heime onsdagane med før vi flytta til Shanghai. Det var så herleg å komme til Hagebø, det lukta så godt nysteikte bollar og vafler. Ungane kosa seg med sauer og høns - dette gav verkeleg meirsmak!






Det skjer rundt nova..


Går og gleder meg over kor fint det vert rundt meg! No er det muring av natursteinsmur nedom huset, og eg synest det vert kjempefint! Litt arbeid gjenstår enda, men no er vi litt nærmare målet!
Det neste vert planting av skråning, så skal vi legge stein på tunet. Kjekt med hus og hage - men tidkrevandes!

tirsdag 8. juni 2010

Familien har vorte foreviga!




For ei tid sidan var vi hos fotograf, i helga kom bilda og eg er strålandes fornøgd!

..besøk av mormor!




No er det berre ei veke til vi er tilbake i Ulsteinvik, dagane er fylde med avslutningar og farvel til venner som reiser tilbake til heimlandet sine. Ei litt trist tid på året, heldigvis er vi så heldige å ha besøk av mormor - det er veldig kjekt!

Bilda er frå end of year party i klassa til Andrea. Alle hadde med seg litt mat til å dele, dei laga kvar sitt klassebilde og fekk ei fin bok med minner frå året. Neste år er det ny klasse og ny lærar, spennandes å sjå kven det vert!

onsdag 19. mai 2010

Fru Fotoglad!


Etter å ha vore i Shanghai i to år, var eg så heldig å verte invitert med til å stille ut bilder som eg har teke her denne tida. Vi hadde ei fin opning av utstillinga, og det var kjekt å sjå at mange synest at bilda var fine. Synest det vart ei fin avslutning på den tida eg har brukt på fotokurs. På bildet under er Amanda (til høgre), ho var læraren min i kinesisk før.

..tida flyge!




Synest tida går so fort, no er det berre knappe seks veker til vi er heime igjen! Gler oss til å kome heim til huset vårt, familie og venner. Vi snakkar ofte om fisking og fjellturar no, det skal verte kjekt!
I helga feira vi nasjonaldagen her i Shanghai, alltid kjekt det! Fine born som vinkar med norske flagg og syng gjer oss alle glade!

tirsdag 4. mai 2010

Beijing



Helgatur til Beijing. Travel, men veldig kjekk tur der vi fekk sett masse av byen. Høgdepunktet var den kinesiske mur. Det var ein fantastisk opplevelse!

torsdag 29. april 2010

Expo 2010 - Shanghai



Sist helg hadde vi ein fin dag for mange nordmenn i Shanghai. Kyrkjekommiteen saman med Expo Norge arrangerte gudsteneste inne i den norske paviljongen helga før sjølve opninga av expo! Under gudstjenesta hadde vi to barnedåpar og ein konfirmasjon. Eg er med i kyrkjekommiteen og det var ein del utfordringar for å få dette til. Eg er glad for at vi likevel tok jobben og fekk til eit så vellukka arrangement!

Det vart ein fantastisk dag, den norske paviljongen er utruleg fin! Gler meg til mange turar på expo omrdet!!