
Norsk natur kan ein skrive mykje om. Kanskje set ein meir pris på den når ein ikkje har tilgang til den dagleg? I dag har det vore nok ein dag med ustabilt ver. Ei lita stund var eg frista til å berre vere inne, kose meg med noko på TV og vere skikkeleg lat. Høyrest greit nok ut det, men med ein ettåring i hus er det vanskeleg å gjennomføre. Etter å ha traska ute i småregn og laga hus i sandkassa er det utruleg godt å komme innatt - friskare og litt mindre late enn før ein gjekk ut ;)
Bildet er ikkje teke i dag, men er frå ein solskinsdag tidlegare i sommar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar