mandag 20. juli 2009

Sommartid er ikkje bloggtid..?





På tide med ei lita oppdatering?!?

I skrivande stund sitt eg på kjøkkenet heime og nyt kveldsfreden. Ute er det regn, i dag har eg fyrt i ovnen - berre ei lita stund for kosen sin del! Sommaren har hittil vore upåklageleg. Veret har vore bra og vi har farta rundt omkring ein del og kosa oss endå meir heime. I helga var eg og borna hos mormor og bebbe,der var og Torill, Erling, Dina og Frida. Kjekt å å samle heile gjengen, bortsett frå Sindre som er sårt sakna! Iallefall av meg og småtrolla.. No er det under to veker til han kjem heim, det skal verte godt.

Dagens bilde er av ein kjekk kar (muldyr) som vi møtte på gardsbesøk i helga. Syns det vart eit rett flott bilde! Kanskje noko for portrettdelen på fotokurs til hausten?

Ingen kommentarer: