Vi har oppdaga ei fin skøytebane berre 10 min frå der vi bur. No har vi vore der nokre gongar og det er kjempekjekt! Nesten like kjekt som heime når det frys på i Sundgotmarka... Fordelen her er at vi kan bruke bana heile året - isen er trygg i både varme og kuldegrader! Ser føre meg at det vert litt rart å skøyte når det nærmar seg sommaren, kjekkare å finne på andre ting då!
No er det lørdagsmorgen her, Andrea og eg skal snart gjere oss klare til å besøke TJ som er på sjukehuset. Han opererte vekk ei cyste i halsen i går. Det gjekk heilt fint, men reknar med at det vert litt låkt i tida framover. Sindre var hos han natta som var, i natt er det min tur. Olav skal få vere heime med Cindy, så skal vi på sjukebesøk. Skal stoppe på ToysRus og sjå om eg finn noke lite trøst til han der..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar