onsdag 13. januar 2010

What a day!

I dag har vore litt av ein dag for heile gjengen!

Tore Johan og Andrea har hatt første dag på skulen etter ferien i dag. Kjekt, men litt travelt å stå opp tidleg for å skynde seg ut døra. Det er iskaldt ute, så etter masse formaningar om ull og atter ull kom dei seg på bussen - glade og spente for nytt semster.

Eg har vore byen rundt i dag. Først tok eg turen til skomakaren "min", han lagar støvlettar som eg synest vert kjempefine! Det er alltid artig å skulle forklare korleis ein vil ha det på kinesisk. Merkar at eg ikkje har det heilt store ordforrådet, men eg satsar på at kommunikasjonen held slik at resultatet vert bra. Etter skomakaren var eg verkeleg i siget og kjørte ned til Lujiabang Lu: South Bund Soft Spinning Market. Fekk bestillt meg ei kåpe, ei litt meir vårjakke, eit skjørt og ein kjole! Skikkeleg i siget! Vel heime tenkte eg at no er det berre å nytte den positive energien til noko nyttig så eg skifta og la i veg til treningsrommet og kva skjer.. ...i iveren sleng eg litt for mykje med armane og iphonen min flyg grasiøst i lufta ei stund før han landar
HARDT i bakken og dør. Ikkje særleg bra! Ny skal kjøpast sporenstreks på utførsel neste gong vi er i Norge.

For Olav og Sindre har vel dette vore ein dag som alle andre dagane - lucky ones!

Bildet er frå meir lykkeligare stunder . Eg gler meg til vårsola skal begynne å varme, då skal eg vere flink å reise ut med kameraet og nyte denne herlege byen!




Ingen kommentarer: