
I helga var det mykje aktivitet. Både lørdag og søndag hadde vi besøk og grillings.. Sindre kjøpte ny grill og den måtte testast! Tore Johan og Andrea var på overnatting hos Tuva - Såg nesten ikkje snurten av dei heile lørdagen.. ;)

I kveld skal vi på konsert på SCIS. Gler meg til å sjå dei flinke små.

Etter mykje om og men viser det seg no at dato for heimreise vert om berre litt over to veker! Onsdag 28.mai sett vi oss på flyet og reknar med å vere heime torsdag ein gong! Det vart litt endringar i planane sidan Sindre måtte på nokre møte i Sverige som kom opp no.. Kjekt for alle, men særleg for Sindre som får meir tid heime. (Vi andre vert heime i nesten tre månader. Ikkje verst det.)
...men så spørst det om eg er heilt klar til å reise då..
Er iallefall rimeleg rastlaus, får ta å sette igang med noko nyttig. Andrea skal ha selskap på fredag, kanskje planlegge litt? For tida kjem alt brått på. det er så fint å vere ute i det fine veret å late seg!