Her sitt han og skriv svarbrev - vi skal prøve å få det avgårde i dag slik at det er framme før vi kjem heim i februar. Det er ikkje mange vekene igjen no, berre tre veker så sitt vi på flyet heim. Vi gler oss masse!
mandag 18. januar 2010
Bedre og bedre dag for dag..!
lørdag 16. januar 2010
Skøyting!
Vi har oppdaga ei fin skøytebane berre 10 min frå der vi bur. No har vi vore der nokre gongar og det er kjempekjekt! Nesten like kjekt som heime når det frys på i Sundgotmarka... Fordelen her er at vi kan bruke bana heile året - isen er trygg i både varme og kuldegrader! Ser føre meg at det vert litt rart å skøyte når det nærmar seg sommaren, kjekkare å finne på andre ting då!
No er det lørdagsmorgen her, Andrea og eg skal snart gjere oss klare til å besøke TJ som er på sjukehuset. Han opererte vekk ei cyste i halsen i går. Det gjekk heilt fint, men reknar med at det vert litt låkt i tida framover. Sindre var hos han natta som var, i natt er det min tur. Olav skal få vere heime med Cindy, så skal vi på sjukebesøk. Skal stoppe på ToysRus og sjå om eg finn noke lite trøst til han der..
onsdag 13. januar 2010
What a day!
I dag har vore litt av ein dag for heile gjengen!
Tore Johan og Andrea har hatt første dag på skulen etter ferien i dag. Kjekt, men litt travelt å stå opp tidleg for å skynde seg ut døra. Det er iskaldt ute, så etter masse formaningar om ull og atter ull kom dei seg på bussen - glade og spente for nytt semster.
Eg har vore byen rundt i dag. Først tok eg turen til skomakaren "min", han lagar støvlettar som eg synest vert kjempefine! Det er alltid artig å skulle forklare korleis ein vil ha det på kinesisk. Merkar at eg ikkje har det heilt store ordforrådet, men eg satsar på at kommunikasjonen held slik at resultatet vert bra. Etter skomakaren var eg verkeleg i siget og kjørte ned til Lujiabang Lu: South Bund Soft Spinning Market. Fekk bestillt meg ei kåpe, ei litt meir vårjakke, eit skjørt og ein kjole! Skikkeleg i siget! Vel heime tenkte eg at no er det berre å nytte den positive energien til noko nyttig så eg skifta og la i veg til treningsrommet og kva skjer.. ...i iveren sleng eg litt for mykje med armane og iphonen min flyg grasiøst i lufta ei stund før han landar HARDT i bakken og dør. Ikkje særleg bra! Ny skal kjøpast sporenstreks på utførsel neste gong vi er i Norge.
For Olav og Sindre har vel dette vore ein dag som alle andre dagane - lucky ones!
Bildet er frå meir lykkeligare stunder . Eg gler meg til vårsola skal begynne å varme, då skal eg vere flink å reise ut med kameraet og nyte denne herlege byen!

tirsdag 12. januar 2010
Ny server - nytt liv i bloggen?
Endeleg har min kjære ordna det slik at eg har god tilgang til blogspot igjen!
No kan eg laste opp bilde igjen og eg gler meg til å legge ut litt frå kvardagen vår her i Kinaland!
Legg ved eit bilde av minstemann. Her kosar han seg på ferie i Thailand i jul/nyttår.
Ey skikkeleg hærleg bilde av ein skikkeleg hærleg gut!

tirsdag 8. september 2009
..back in town
Tilbake på plass her i Kina, snart ein månad sidan vi forlot vakre noreg no. Det er godt å ikkje vere "new in town", sleppe å stresse rundt for å finne matvarer, husting og alt anna ein treng for å fungere i kvardagen. Tore Johan og Andrea er godt i gang både på skulen og på fritida. Tore Johan er med på svømmelaget til SCIS og trener tre gongar i veka. Andrea fortsett med turn, så har vi ein plan om å få ho igang med eit eller anna instrument. Sjølv vil ho spele tverfløyte, vi får sjå! Mor i huset har hatt sin første time med yoga, Sindre sliter ut tredemøllene her på compounden. Olav har starta på Gymboree, der han er kvar mandagsmorgon ilag med mamma. Kjekt!
Skal prøve å vere flink å ta mykje bilder framover, og skrive innlegg slik at det vert litt meir enn sporadisk aktivitet her på bloggen. Forutsatt at eg fortsatt klarer å "hacke" meg gjennom den teknologiske kinesiske mur..

lørdag 25. juli 2009
LYST på..
fredag 24. juli 2009

Norsk natur kan ein skrive mykje om. Kanskje set ein meir pris på den når ein ikkje har tilgang til den dagleg? I dag har det vore nok ein dag med ustabilt ver. Ei lita stund var eg frista til å berre vere inne, kose meg med noko på TV og vere skikkeleg lat. Høyrest greit nok ut det, men med ein ettåring i hus er det vanskeleg å gjennomføre. Etter å ha traska ute i småregn og laga hus i sandkassa er det utruleg godt å komme innatt - friskare og litt mindre late enn før ein gjekk ut ;)
Bildet er ikkje teke i dag, men er frå ein solskinsdag tidlegare i sommar!
mandag 20. juli 2009
Sommartid er ikkje bloggtid..?

På tide med ei lita oppdatering?!?
I skrivande stund sitt eg på kjøkkenet heime og nyt kveldsfreden. Ute er det regn, i dag har eg fyrt i ovnen - berre ei lita stund for kosen sin del! Sommaren har hittil vore upåklageleg. Veret har vore bra og vi har farta rundt omkring ein del og kosa oss endå meir heime. I helga var eg og borna hos mormor og bebbe,der var og Torill, Erling, Dina og Frida. Kjekt å å samle heile gjengen, bortsett frå Sindre som er sårt sakna! Iallefall av meg og småtrolla.. No er det under to veker til han kjem heim, det skal verte godt.
Dagens bilde er av ein kjekk kar (muldyr) som vi møtte på gardsbesøk i helga. Syns det vart eit rett flott bilde! Kanskje noko for portrettdelen på fotokurs til hausten?
tirsdag 12. mai 2009
Utfordring!
Ny overskrift på bloggen! Ein pakke brunost til den som finn ut kva det står! hehe.. Hege?
Rastlaus!
I helga var det mykje aktivitet. Både lørdag og søndag hadde vi besøk og grillings.. Sindre kjøpte ny grill og den måtte testast! Tore Johan og Andrea var på overnatting hos Tuva - Såg nesten ikkje snurten av dei heile lørdagen.. ;)
I kveld skal vi på konsert på SCIS. Gler meg til å sjå dei flinke små.
Etter mykje om og men viser det seg no at dato for heimreise vert om berre litt over to veker! Onsdag 28.mai sett vi oss på flyet og reknar med å vere heime torsdag ein gong! Det vart litt endringar i planane sidan Sindre måtte på nokre møte i Sverige som kom opp no.. Kjekt for alle, men særleg for Sindre som får meir tid heime. (Vi andre vert heime i nesten tre månader. Ikkje verst det.)
...men så spørst det om eg er heilt klar til å reise då..
Er iallefall rimeleg rastlaus, får ta å sette igang med noko nyttig. Andrea skal ha selskap på fredag, kanskje planlegge litt? For tida kjem alt brått på. det er så fint å vere ute i det fine veret å late seg!
Abonner på:
Innlegg (Atom)